Admento AS er glade over å kunngjere oppkjøpet av Vest Rekneskap AS, eit strategisk trekk som styrker vår posisjon på Vestlandet og dermed etablerer Admento i Førde.   


Vekst og utvikling 
Ved å bli større i regionen vil vi vere tettare på endå fleire kundar. Med denne avtalen vil Admento-konsernet frå no av bestå av 200 tilsette fordelte på 22 lokasjonar rundt om i Noreg, og ha ei årleg omsetning på MNOK 260. Dette gir oss eit unikt høve til å tilby endå betre og meir tilpassa tenester til kundane våre, samtidig som vi held oppe fokuset vårt på kvalitet og pålitelighet.  


Lokalt nærvær viktig 
Rekneskapsbransjen står ovanfor store endringar drive av digitalisering og nye kundekrav. Saman med Vest Rekneskap vil vi ta tak i desse endringane og bruka den samla ekspertisen vår til å leie an i utviklinga av bransjen. Samtidig vil vi halde fram med å fokusere på lokalt nærvær, då vi har tru på å vere tett på kundane og ha ein sterk lokal kunnskap. Saman med fagleg ekspertise frå andre stader i konsernet er vi godt rusta til å bidra til auka lønnsemd for kundar i Sunnfjord og omland.


Styrka samarbeidspartnar for kundar 
Både Admento og Vest Rekneskap har ei lang historie med å sette kundane først. Dette vil halde fram med å stå sterkt i vår felles framtid. Vi er overtydde om at dette oppkjøpet vil gi store fordelar for både kundar og tilsette, og vi ser fram til å utforske nye moglegheiter saman.  Med Admento på laget vil dagens kundar av Vest Rekneskap få fleire moglegheiter og tilgang på endå meir kompetanse, innan område som mellom anna HR, rådgiving, integrasjonar og ERP-system. Dette styrer det lokale teamet i Førde og sikrar i endå større grad at vi kan støtte kundane i endå fleire ting framover.


 Administrerande direktør i Admento, Marit Fuglem Høgli, uttrykkjer stor glede over avtalen:  
- Vi er så glade for å få med oss ein så bra gjeng med kompetente og flinke folk i Førde, og sørger for at vi for alvor etablerer oss i regionen. Saman med Vest Rekneskap vil vi framover tilby kundane våre endå betre tenester og støtte. Vi gler oss til tida som kjem!  


 Dagleg leiar i Vest Rekneskap, Thomas Haug, deler denne optimismen:  
- Å bli ein del av Admento er eit steg vi ser fram til, då vi er sikker på at dette vil komme både kundane og dei tilsette til gode. Vi er klare for å ta fatt på framtida med nye eigarar på laget. 


Vest Rekneskap vil inntil vidare bestå som eige selskap, men vil fusjonerast inn i Admento i løpet av 2025. Vi vil bruke dei komande månadane på å lære av kvarandre og utforska korleis vi kan dra nytte av all den nye kompetansen som kjem inn i Admento.  Oppkjøpet vil uansett tidslinje for fusjon ha minimale konsekvensar for begge selskaps tilsette, kundar og andre samarbeidspartnarar.

Kontaktperson:
Lars Elvedal, HR- og kommunikasjonsdirektør i Admento (404 54 544, lars.elvedal@admento.no)

 

Meir informasjon

Om Vest Rekneskap AS:

Vest Rekneskap AS er eit godt etablert og framtidsretta rekneskapsfirma i Førde beståande av 7 kompetente tilsette, som sidan starten i 2010 har levert høg kvalitet til kundane sine. Selskapet har heile vegen hatt fokus på å hjelpe lokalt næringsliv med å effektivisere prosessar og ta i bruk gode digitale løysingar, og dessutan gjennom god rådgiving bidrege til auka lønnsemd for kundane. Dei vart nyleg kåra til årets byrå av systemleverandøren Unimicro, som stadfestar det gode arbeidet som blir gjort kvar dag av teamet i Sunnfjord. Les meir på
www.vere.no 

Om Admento AS:
Sidan etableringa på Oppdal på 70-talet har Admento vakse til å bli eit leiande kompetansehus med fagfolk innan økonomi, HR og teknologi. Selskapet består i dag av 200 tilsette fordelte på 22 lokasjonar frå Drammen i sør til Steinkjer i nord, og har dotterselskapet Orkla Credit. Rådgivarane våre jobbar kvar dag med å oversette tal til lønnsame råd for kundane våre og dreg nytte av kompetanse på tvers av alle kontora våre – til det beste for kundane. Les meir på www.admento.no

Lars P. Elvedal

HR- & kommunikasjonsdirektør , Admento

Dato skrevet 16.12.2024 09:39.Endret 16.12.2024 09:47.

Meld deg på vårt nyhetsbrev!